Vågå kommune har to kommunale barnehagar og to private barnehagar.

Barn som alt går i ein barnehage i Vågå treng ikkje søkje på nytt, desse skal levere endringsskjema (PDF, 331 kB) til barnehagen om dei ønskjer endring.

Søknadsfrist: 1. mars 2018.

10.01.18

Dei neste dagane vil Vågå kommune gjennomføre snørydding i bustadfelt og på parkeringsareal. Arbeidet vil foregå på kveld og natt.


08.01.18

Energigården startar eit prosjekt der vinklinga er næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane på garden. Dei søkjer etter 12 aktive og initiativrike gardbrukarar, to frå kvar region i Oppland og frå heile spennet av produksjonsformer til å delta i prosjektet.


08.01.18

Det blir familiedag med aking og grilling i Dompe laurdag 20. januar kl. 12.00. Alle får grillmat, ta med drikke sjølv. Akekonkurranse med akebrett i premie.




03.01.18

Frå 1. januar 2018 overtok kommunen ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel. Dette inneber at tingretten eller byfogden ikkje lenger skal ha denne oppgåva.

02.01.18

Skjåk, Lom og Vågå kommunar har gjort vedtak om å starte opp arbeidet med revisjon av kommunedelplan for klima og energi. I framlegg til planprogram blir det lagt opp til ein felles kommunedelplan for alle tre kommunane, men med separate tiltaksdeler for kvar kommune.


22.12.17

Vågå kommune, og dei andre norddalskommunane, har tatt i bruk eDialog. Med den kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.


13.12.17

Kommunestyret har i dag behandla økonomiplan for perioden 2018-2021, sak 90/17.

12.12.17

Vågå kommune har inngått avtale med Lemonsjø Alpinsenter/Jotunheimen AktivIt AS. Denne avtala har som målsetjing å tilby elevane i 1. - 7. trinn ved Lalm Skule og Vågåmo Skule eit alpint tilbod ved Lemonsjøen Alpinsenter. Målet er at tilbodet skal føre til betre fysisk fostring og eit utvida fritidstilbod for elevane.


12.12.17

I dagens stillingsslepp er det lagt ut om lag 100 ledige stillingar i heile Nord-Gudbrandsdalen. Det er både faste stillingar, vikariat, sesongstillingar og lærlingestillingar.


11.12.17
Alle saker